Eg tilbyr psykologisk behandling for blant anna angst, depresjon, stress, tankekøyr, utmatting, låg sjølvfølelse, opplevd meiningsløyse, relasjonelle utfordringar og unngåingsåtferd. Kva enn du kjem til terapi med, vil me ta stilling til situasjonen saman, og staka ut ei hensiktsmessig retning vidare – basert på dine behov.
Mi behandlingstilnærming har røter i emosjonsfokuserte, eksistensielle og psykodynamiske retningar. Dette inneber evidensbasert psykologisk behandling for uhensiktsmessige tanke- og følelseskonfliktar som ofte er oppretthaldande for tilstandar som blant anna angst, depresjon, stress, låg sjølvfølelse, opplevd meiningsløyse og unngåingsåtferd.
Eg går inn i alle terapiforløp med ei ikkje-forutinntatt haldning til individuelle problemstillingar. Mitt fokus i psykologisk behandling inneber å skapa delt forståing for slike problemstillingar, før me deretter utarbeider ein individuell plan for – og mål med – behandlingsforløpet.
Interesseområde:
Angst, depresjon, stress, utbrentheit/utmatting, relasjonelle utfordringar, låg sjølvfølelse, eksistensielle problemstillingar, panikkanfall.